SAMMENSLÅING: Jan Richard Alvær Midtgård og Heine Milde Nævdal gleder seg til å styrkja sitt samarbeid.
Privat
Hjelmås VVS og Lindås Rør & Sanitær slår seg sammen
Lokalt eigarskap er viktig og eigarane i Hjelmås VVS og Lindås Rør & Sanitær er svært glad for at dei no har funne ein god plattform for eit langsiktig lokalt eigarskap. Dette vil og sikra grunnlaget for fortsatt mange arbeidsplassar lokalt.
Frå januar 2025 blir dei to bedriftene fusjonert saman til eit firma. Firmaet fortset under namnet Hjelmås VVS AS og dei blir medlem i Bademiljø-kjeda. Dei vil ha butikk, kontor og lageret sitt i Nordhordland Næringspark, der Hjelmås VVS held til i dag.
Det er to godt vaksne og etablerte VVS-bedrifter med lang historie som no finn saman. Morgondagens konkurransesituasjon, nye krav og stadig større utfordringar gjer at dagens eigarar ser at ei samanslåing vil styrkja dei betydeleg. Dei er opptatt av å kunne gje eit konkurransedyktig og heilskapleg tilbod til sine kundar.
– Med dette skal me sikra gode og trygge arbeidsplassar for alle tilsette i bedrifta, seier Alv Inge Hagesæter, arbeidsleder i Hjelmås VVS AS.
– Det gjer oss fleire bein å stå på når me kan utnytta den totale kompetansen som begge bedriftene har samla. Dette vil gje oss eit godt grunnlag for å ta både små og store oppdrag i vårt marked, og me blir mykje meir fleksibel i vårt virke, seier Linn Andvik Lahti, Dagleg leiar i Hjelmås VVS AS.
VVS-faget er inne i ei kraftig utvikling, og omfattar mykje meir enn det mange trur. Vatn og avløp, varme og energi, rehabilitering, nybygg med små og store prosjekt, service og vedlikehald er eksempel på at aktørane i bransjen må være oppdatert, sertifisert og ha kapasitet til å gjera nødvendige endringar heile tida.
– Gjennom denne samanslåinga får me ei samla kraft på alle område som er mykje større enn me har kvar for oss, og dette vil gjera at våre kundar kan være trygg på at dei kan få lokal og kortreist kunnskap i heile Nordhordland, seier Lars-Arne Kvalvik, driftssjef i Lindås Rør & Sanitær AS.