Nordplan AS går inn i 2023 med nye eiere.
Nordplan AS går inn i 2023 med nye eiere.

Nordplan AS har fått nye eiere

Nordplan AS går inn i 2023 med nye eigarar etter at Nordplan Holding AS har kjøpt 100 prosent av aksjane i selskapet.

Published

Det skriver Nordplan AS i en pressemelding.

Nordplan AS har hatt eit stabilt eigarskap over 36 år representert ved dei fire gründerane Ivar Bjarte Nord, Svein Rotevatn, Thorbjørn Sefland og Oddvin Myklebust.

Eigarskiftet representerer eit generasjonsskifte for Nordplan AS, ved at 42 av dei nær 80 tilsette i Nordplan er blitt aksjonærar i Nordplan Holding AS.

Nordplan AS representerer det største uavhengige rådgjevingsmiljøet mellom Trondheim og Bergen innan Plan og Infrastruktur, Arkitektur og Landskap, Konstruksjon- og byggeteknikk, Energi og Miljø og Prosjektadministrasjon.

Samanfallande med eigarskiftet reorganiserer selskapet drifta ved å fusjonere dotterselskapet Enøksenteret AS inn i Nordplan AS. Såleis styrker Nordplan AS Energi og Miljø-kompetansen i selskapet ved å samle alle sine 10 medarbeidarar innan faget i eiga fagavdeling.

Samtidig styrkar selskapet organisasjon og marknadsposisjon ved å opprette eigne avdelingar for Søre Sunnmøre (Ørsta) og Lillehammer.

Styret i Nordplan AS forventar at breidda i eigarskapen frå tilsette vil bidra til stabilitet og langsiktighet for selskapet som ein lokal og regional aktør, og at selskapet vil få ein sterkare posisjon i marknaden nasjonalt.

Selskapet har hovudkontor på Nordfjordeid, og med avdelingar i Ålesund, Ørsta, Førde, Vågåmo og Lillehammer, samt kontor i Måløy, Leikanger Stad, Stryn, Sogndal, Bergen, Bismo, Surnadal og Vestby.

Powered by Labrador CMS